COVID-19

Viktig informasjon i forbindelse med koronaviruspandemien. Oppdatert 23.04.20

På grunn av den pågåande korona-epidemien har me gjort ein del endringar som påverkar deg som er pasient hjå oss.
Mange har fått utsett innkallinga til regelmessig kontroll, eller fått avbestilt allereie avtalte timar.
Inntil vidare vil me prioritere akutte og naudsynte behandlingar, og utsetje behandlingar som er mindre viktige.
Årsaka er at me har sett i verk utvida hygienetiltak for å hindre smittespreiing. Dette påverkar kvardagen vår i stor grad, og difor klarar me ikkje å oppretthalde full drift enno.


Alle som har hatt ein avtale eller ventar på innkalling vil verte kontakta, men ein må pårekne forsinkingar ein periode. Ta kontakt på telefon eller epost viss du mistenkjer at me har gløymt deg.

Inntil vidare vil me halde ope 50%, og er å treffe tysdag, onsdag og torsdag mellom kl 09.00 og 14.30.


Det er viktig at all kontakt foregår på telefon eller epost.

Når du møter til time vil me helst at du ikkje oppheld deg på venterommet, men heller ventar i bilen, så ringer me til deg når me er klare.

Unngå kontakt med andre pasientar eller personale når du er på tannlegekontoret.

Om du får symptom på forkjølelse eller influensa innan timen, må du ta kontakt med oss.


Me beklagar uleilighetene dette måtte medføre, og håpar på forståing for dette.


Ved behov for akutt hjelp, ta kontakt på 56 37 10 38, eller send ein mail til akutt <a>mangertannlegesenter.no

 
 
 
 
 
 

MANGER TANNLEGESENTER


Idrettsvegen 3

5936 Manger


Telefon:      56 37 10 38

Email:        akutt@mangertannlegesenter.no


Opningstider:


Mandag og onsdag: 07.30 - 18.15

Tysdag, torsdag og fredag: 07.30 - 15.30


Manger Tannlegesenter AS

Idrettsvegen 3, 5936 Manger


Telefon: 56 37 10 38

Me har beholdt dei gamle telefonnummera,

slik at 56 34 70 70 fortsatt er til Tor Skutle,

og 56 37 00 40 er til Sondre Villanger Håland